Forskrift om skogfond o.a.
Denne siden viser Forskrift om skogfond o.a. i en brukervennlig struktur med kapitler, paragrafer og stabile lenker til hver bestemmelse.
- Dokumenttype
- Forskrift
- Dato
- 2006-07-03
- Nummer
- 881
- Kilde
- Lovdata
- Departement
- Landbruks- og matdepartementet
- I kraft
- 2006-09-01
- Sist importert
- 17. juni 2026
Kap. 1. Innleiande føresegner
§ 1. Formålegen side
§ 2. Verkeområde o.a.egen side
§ 3. Målepliktegen side
§ 4. Disponering av skogfondegen side
Kap. 2. Innbetaling til skogfond og oppgåveplikt o.a.
§ 5. Plikt til å setje av til skogfondegen side
§ 6. Sats for avsetjing til skogfond o.a.egen side
§ 7. Innbetaling til skogfondegen side
For skogsvirke som blir selt gjennom skogeigarforeining, eller andre som kjøper tømmer for vidaresal, skal desse betale inn beløpet. For skogsvirke som blir selt direkte til ein kjøpar, framdrive eller på rot, skal kjøpar betale inn beløpet. Ved eventuelt vidaresal skal den som sel skogsvirket vidare dokumentere at det er betalt inn til skogfond. I dei tilfella der det ikkje blir sett av midlar til skogfond etter 2. ledd nr. 1 og 2 er skogeigaren sjølv ansvarleg for at midlar blir betalt inn til kontoen for skogfond. Ved uttak av skogsvirke på grunnlag av allmenningsrett er det allmenningsstyret som har ansvaret for at det blir sett av midlar til skogfond.
§ 8. Nærmare om innbetaling til skogfondegen side
§ 9. Oppgåvepliktegen side
eigedommen sitt hovudnummer. namn og adresse på eigaren. namn og adresse på kjøparen. kontraktsnummer eller anna referansenummer som identifiserer kontrakten mellom eigaren og kjøparen. volum av det målte skogsvirke i fastkubikkmeter under bark, juletre og pyntegrønt i høvesvis tal og kg. bruttoverdien av målt virke jf. § 2. innbetalt beløp til skogfond. kva system skogeigar eller den som sel på vegne av skogeigar er sertifisert etter. informasjon om at ei aktsomhetsvurdering etter forskrift om gjennomføring av forordning (EU) nr. 995/2010 er utført.
industrivirke av gran (under dette edelgran, sitka, og lutzii) fordelt på sortimenta spesial, prima skur, sekunda skur, annan skur, sams skur og massevirke, massevirke og anna rundvirke. industrivirke av furu (under dette contortafuru, lerk, thuja, hemlock og douglas) fordelt på sortimenta spesial, prima skur, sekunda skur, annan skur, sams skur og massevirke, massevirke og anna rundvirke. industrivirke av lauv fordelt på sortimenta spesial, skur, sams skur og massevirke og massevirke. virke til ved og til annan produksjon av biobrensel, fordelt på bar og lauv. juletre og pyntegrønt.
§ 10. Virkesdatabase o.a.egen side
Kap. 3. Bruk av skogfondsmidlar o.a.
§ 11. Formål skogfondet kan brukast tilegen side
Skogkulturtiltak, under dette planlegging, administrasjon og gjennomføring. Forynging og etablering av skog. Dette omfattar planting og såing, samt nødvendige for- og etterarbeid (markriving, vegetasjonskontroll, suppleringstiltak o.a.). Dette omfattar òg etablering av felt for juletre- og pyntegrøntproduksjon. Kvalitets- og produksjonsfremmande tiltak, bortsett frå i felt for juletre og pyntegrønt. Dette omfattar ungskogpleie, førehandsrydding for tynning, underskott ved tynning, stammekvisting, gjødsling, skadeførebyggjande tiltak, grøftereinsk og suppleringsgrøfting.
Bygging, ombygging og opprusting av skogsvegar o.a. Dette omfattar utgifter til planlegging og bygging av nye skogsvegar og ombygging og opprusting av eksisterande skogsvegar, under dette velteplassar, som er godkjente etter den til kvar tid gjeldande forskrifta om planlegging og godkjenning av vegar for landbruksformål fastsett av Landbruks- og matdepartementet. Vedlikehald av skogsbilvegar som inngår i det permanente vegnettet, under dette velteplassar for skogsvirke. For årleg vedlikehald kan kostnader på inntil kr 4,- pr. løpemeter godkjennast. Dette gjeld ikkje ved istandsetjing etter store skadar på vegen ved flom, ras eller andre uventa hendingar. Ved større vedlikehaldsprosjekt, der kostnaden overstig kr 4,- pr. løpemeter, skal kommunen godkjenne bruk av skogfond før arbeidet blir starta opp. Miljøtiltak. Dette omfattar utgifter når det i samband med skogbrukstiltak blir teke konkrete miljøomsyn knytt til biologisk mangfald, landskapsverdiar, kulturminne og friluftsliv i område der det blir drive skogbruk. Skogbruksplanlegging med miljøregistrering. Dette omfattar utarbeiding og ajourføring av planar for skogforvaltning og anna næringsutvikling knytt til skogressursane, og tiltak for betre utnytting av planane, under dette kjøp av dataprogram for ajourføring. Investeringar i bioenergitiltak. Dette omfattar anlegg og utstyr, men ikkje faste utgifter, som blir brukte i produksjon av ferdig varme for levering. Investeringane og produksjonen skal vere knytt til eigedommen. Produksjonen må vere basert på råstoff frå eigedommen eller lokale skogressursar, og minst 75 prosent av produksjonskapasiteten må vere egna til å bli levert som ferdig varme til andre. Produksjon av ved og anna brensel basert på trevirke for levering, blir ikkje rekna som produksjon av varme. Kommunen skal godkjenne bruk av skogfond til bioenergitiltak før investeringane blir gjorde. Forsikring mot stormskadar og brann på skog. Kompetansehevande tiltak knytt til miljøomsyn, skogetablering og skogproduksjon, samt verdiskaping knytt til trebaserte produkt. Oppmerking av eigedomsgrenser og nødvendige handlangarutgifter ved jordskifte i skog. Meirverdiavgift.
§ 12. Nærmare om utbetalingegen side
§ 13. Tilbakebetaling frå skogfondetegen side
Kap. 4. Renter av skogfond
§ 14. Bruk av rentene av skogfondegen side
Tilskott til informasjonsmateriell, informasjonsutstyr og dekning av fellesutgifter i samband med skogfagleg informasjon, skogfaglege arrangement og utferder, rettleiing og opplæring o.a. for skogeigarar, skular, samarbeidande etatar og organisasjonar o.a., spesielle grupper og allmenta. Tilskott til ulike organisasjonar og institusjonar som arbeider aktivt for å fremme interessa for eller utviklinga av skogbruk. Tilskotta skal gis til konkrete tiltak, og ikkje som driftstilskott. Det kan og gis tilskott av rentemidla til mindre kostbart teknisk utstyr som kjem til nytte for mange skogeigarar. Tilskott til heil eller delvis dekning av felleskostnadene ved områdevise takstar eller områdevise skogbruksplanaksjonar. Slike felleskostnader kan omfatte forarbeid og informasjon om taksten, bildemateriale, ortofoto, kart og presentasjon av områdevise tal. Felleskostnadene kan bli dekt av rentemidlar med inntil 15% av dei totale kostnadene ved taksten. I særlege tilfelle kan ein større prosentdel bli dekt med rentemidlar når dokumenterte felleskostnader overstig 15% av dei totale kostnadene. Rentemidlane kan ikkje brukast som direkte tilskott til skogbruksplan for den enkelte skogeigaren.
§ 15. Regnskaps- og budsjettrutinar for rentene av skogfondegen side
Kap. 5. Avsluttande føresegner
§ 16. Fordeling av skogfond ved deling av eigedomegen side
§ 17. Kontrollegen side
§ 18. Klageegen side
§ 19. Straffegen side
§ 20. Tvangsmulktegen side
§ 21. Dispensasjon og utfyllande retningslinjeregen side
§ 22. Iverksetjingegen side
Forskrift 15. februar 1994 nr. 134 om forvaltning og bruk av rentene av skogavgiften (rentemidlene). Forskrift 18. februar 1994 nr. 138 om forvaltning og bruk av renter av skogavgiften som trekkes inn til Landbruksdepartementet (sentralt inntrukne rentemidler). Forskrift 20. april 1994 nr. 311 om bruk m.v. av skogavgift. Forskrift 12. juni 1995 nr. 560 om innbetaling av skogavgift og måling av skogsvirke m.v. Forskrift 21. desember 2005 nr. 1661 om skogavgift for 2006.