Barnelova § 88 – Kva lova har å seie for barn som er født før lova tek til å gjelde.
Farskap som fylgjer av eller er fastsett etter tidlegare lovgjeving, skal framleis leggjast til grunn til noko anna vert fastsett etter lova her. Avtale eller avgjerd om foreldreansvar, samværsrett eller fostringsplikt frå tida før lova tek til å gjelde, står framleis ved makt til den i tilfelle vert endra etter lova her. Samværsrett direkte etter § 42 andre stykket første punktum gjeld ikkje når foreldra har skilt lag før lova tek til å gjelde.