Når farskap ikkje følgjer av reglane i § 3, kan faren erklære farskap under svangerskapet eller etter at barnet er født.Faren skal erklære farskapen skriftleg, anten digitalt til arbeids- og velferdsetaten eller ved personleg frammøte for- jordmor eller lækjar ved svangerskapskontroll eller fødsel,
- folkeregistermyndigheita,
- tilskotsfuten, dommaren eller arbeids- og velferdsetaten, eller
- utsend utanrikstenestetilsett, dersom faren er i utlandet.
Farskap kan òg erklærast ved retur av skjema frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. § 11 andre ledd. Arbeids- og velferdsdirektoratet må sende skjema i rekommandert brev eller ved bruk av elektronisk kommunikasjon dersom det er nytta ein betryggande metode for å sikre at skjemaet er mottatt. Erklæringa gjeld berre når ho er gjeven av den som mora har gjeve opp som far, eller når mora skriftleg har godteke erklæringa. Ved digital erklæring må både mor og far identifisere seg elektronisk på ein sikker måte. Den digitale erklæringa er berre gyldig dersom barnet vert født i Noreg.
Er den som vil erklære farskapen under 18 år, må også dei som har foreldreansvaret for han, skrive under på erklæringa.Er eit barn fødd etter assistert befruktning, kan moras kvinnelege sambuar erklære medmorskap etter reglane i paragrafen her. Den assisterte befruktninga må ha skjedd innafor godkjent helsestell, og moras kvinnelege sambuar må ha gjeve samtykke til befruktninga. Berre myndige personar kan gi slikt samtykke. Regelen i § 3 andre ledd andre punktum gjeld tilsvarande.Er det naudsynt for å fastslå farskapen til eit barn født i utlandet, kan myndigheita be om ei eigna prøve til DNA-analyse for barnet og for han som vil erklære seg som far, dersom- barnet, mora eller han som vil erklære seg som far, ikkje kan godtgjere identiteten sin, eller
- det er grunn til å tru at det for å få norsk statsborgarskap til barnet er gitt urette opplysningar om kven som er far.
Det er òg eit vilkår at opplysningane i saka elles ikkje gir grunnlag for med rimeleg sikkerheit å fastslå farskapen. Dersom DNA-analyse godtgjer at mannen ikkje kan vere far til barnet, kan han ikkje erklære farskap. Det same gjeld om han avslår ei oppmoding om DNA-analyse.
Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om gjennomføring av reglane i femte ledd.Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 20 des 2002 nr. 92 (ikr. 1 apr 2003 iflg. res. 20 des 2002 nr. 1696), 17 juni 2005 nr. 63 (ikr. 1 jan 2006 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 612), 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 16 juni 2006 nr. 631), 29 juni 2007 nr. 53 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 7 des 2007 nr. 1370), 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009 iflg. res. 27 juni 2008 nr. 745), 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 703), 15 juni 2018 nr. 34 (ikr. 1 apr 2019 iflg. res. 1 mars 2019 nr. 163), 19 juni 2020 nr. 72 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 19 juni 2020 nr. 1232), 16 juni 2023 nr. 34 (i kraft 1 okt 2023 iflg. res. 16 juni 2023 nr. 944).