Følgjande organ som fører elektronisk journal, skal gjere journalen tilgjengeleg for ålmenta på Internett:- alle departementa og Statsministerens kontor
- alle dei statlege direktorata som har heile landet som verkeområde
- alle dei statlege tilsyna som har heile landet som verkeområde
- statsforvaltarane
Plikta til å gjere journalen tilgjengeleg på Internett omfattar berre den sentrale eininga i eit direktorat eller eit tilsyn som også har regionale einingar. Utanriksdepartementet kan fastsetje at utanriksstasjonar som fører eigen elektronisk journal, skal gjere han tilgjengeleg for ålmenta på Internett. Det overordna departementet avgjer i tvilstilfelle om eit underlagt organ er omfatta av plikta til å gjere journalen tilgjengeleg på Internett.
Følgjande organ er ikkje i noko tilfelle omfatta av plikta til å gjere elektronisk journal tilgjengeleg på Internett:- Regjeringsadvokaten
- Riksadvokaten
- Etterretningstenesta
- Politiets tryggingsteneste (PST)
- Patentstyret
- Nasjonalt tryggingsorgan
- Norsk pasientskadeserstatning
- Pasientskadenemnda.
Innhaldet i journalar som blir gjorde tilgjengelege på Internett, skal vere i samsvar med arkivforskrifta § 10 fyrste ledd tredje punktum bokstavane a til e. I tillegg skal journalen opplyse om kontaktpunkt for den enkelte sak hos det aktuelle organet. Når opplysningar ikkje er tekne med i offentleg journal, jf. arkivforskrifta § 10 andre ledd, skal utelatinga og fullstendig unntaksheimel gå fram av journalen. Dersom det er teke avgjerd om at eit dokument heilt eller dels skal vere unnateke frå innsyn, kan journalen innehalde opplysning om dette i form av fullstendig unntaksheimel og med opplysning om unntaket gjeld heile eller delar av dokumentet.Opplysningar som er nemnde i § 7 andre ledd, skal ikkje gå fram av offentleg elektronisk journal. Slike opplysningar skal heller ikkje gå fram av journal eller liknande register som eit organ som ikkje er omfatta av ordninga etter fyrste ledd gjer tilgjengeleg på Internett. Offentleg elektronisk journal for organ som er omfatta av ordninga etter fyrste ledd, skal innrettast slik at det ikkje skal vere mogleg å få treff på personnamn i innførslar i journalane som er eldre enn eit år.Trer i kraft når departementet bestemmer.Endra ved forskrifter 15 des 2017 nr. 2105 (i kraft 1 jan 2018), 21 juni 2019 nr. 855, 8 okt 2021 nr. 2958 (i kraft 1 nov 2021).