Samvirkelova § 104 – Fusjonsplan
foretaksnamn for foretaka, forretningskommunar, adresser og organisasjonsnummer, frå kva tid transaksjonar i det overdragande foretaket rekneskapsmessig skal sjåast å vere gjorde for rekning av det overtakande foretaket, det vederlaget som skal ytast til medlemmane i det eller dei overdragande foretaka, medrekna storleiken på eit eventuelt vederlag utover medlemskapen i det overtakande foretaket (jf. § 106), vilkår for utøving av rettar som medlem i det overtakande foretaket og for innføring i medlemsregisteret, kva rettar medlemmar med særlege rettar i det eller dei overdragande foretaka skal ha i det overtakande foretaket, særlege rettar eller fordelar som medlemmar av styret eller dagleg leiar skal få ved fusjonen, utkast til opningsbalanse for det overtakande foretaket. Opningsbalansen skal setjast opp i samsvar med gjeldande rekneskapsreglar. For foretak som er revisjonspliktige etter revisorlova, skal ein statsautorisert eller registrert revisor gi ei fråsegn om at balansen er sett opp i samsvar med desse reglane.