Krisesenterlova § 6 – Opplysningsplikt til barnevernet
når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller anna alvorleg omsorgssvikt, når det er grunn til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling, når det er grunn til å tru at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit spesielt hjelpetrengande barn ikkje får dekt sitt særlege behov for behandling eller opplæring, når eit barn set utviklinga si i alvorleg fare i form av alvorlege eller gjentatte brotsverk, problematisk bruk av rusmiddel eller andre utprega skadelege handlingar, når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli utnytta til menneskehandel.