Grannelova § 24
Denne lova gjeld frå den tid Kongen fastset.1 Frå den tid denne lova tek til å gjelda vert det gjort desse brigde i andre lover: – – – Føresegna i § 10, andre stykket fyrste punktum, gjeld på tilsvarande måte for tiltak som er fremja i samsvar med granneskjøn etter §§ 13 og 14 i grannelova frå 27. mai 1887. Kongen kan gjeva nærare føresegner til gjennomføring av denne lova.