Havbeiteforskrifta § 3 – Definisjonar
Akvakultur: Produksjon av akvatiske organismar. Produksjon omfattar eit kvart tiltak for å påverke vekta, storleiken, talet, eigenskapane eller kvaliteten til akvatiske organismar. Auka dødstal: Dødstal som er signifikant høgare enn det ein vurderer som normalt for havbeitelokaliteten under rådande forhold. Kva ein vurderer som auka dødstal avgjeras i samarbeid mellom oppdrettar og Mattilsynet. Havbeite: Akvakultur av krepsdyr, blautdyr og pigghuder i form av botnkultur utan at dyra vert haldne i fangenskap. Hausting: Systematisk gjenfangst av eit utsett havbeitedyr. Fjerning av dyr i samband med prøveuttak, kontroll, røkting o.a. er ikkje å sjå på som hausting. Lokalitet: Eit geografisk avgrensa område nærare fastsett i løyvet, der innehavar av løyvet har eksklusiv rett til utsett og gjenfangst av den utsette arten.