Forskrift om kva dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida (bevaringsforskrifta)
bevaringsforskrifta
Denne siden viser Forskrift om kva dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida (bevaringsforskrifta) i en brukervennlig struktur med kapitler, paragrafer og stabile lenker til hver bestemmelse.
- Dokumenttype
- Forskrift
- Dato
- 2025-12-19
- Nummer
- 2729
- Kilde
- Lovdata
- Departement
- Kultur- og likestillingsdepartementet
- I kraft
- 2026-01-01
- Sist importert
- 17. juni 2026
Kapittel 1. Innleiande reglar
§ 1. Kva forskrifta gjeld, og verkeområdet til dei ulike reglaneegen side
§ 2. Definisjonaregen side
§ 3. Dokumentasjon som gjeld nye oppgåveregen side
Kapittel 2. Dokumentasjon frå statlege organ
§ 4. Dokumentasjon frå 1950 eller tidlegareegen side
§ 5. Journalar og innsynskravegen side
journalar, medrekna journaldatabasar og journalregister dokumentasjon om innsynskrav som har ført til omfattande drøfting, særskilt grunngjeving eller klage.
§ 6. Organisering og organisasjonsutviklingegen side
dokumentasjon om den interne organiseringa dokumentasjon om interne organisatoriske arbeidsprosessar dersom dei medfører endringar i organisasjonsstrukturen organisasjonskart og planar utgreiing om og evaluering av den interne organiseringa instruksar og retningsliner som gjeld fordeling av myndigheit, oppgåver og ansvar utgreiing om og evaluering av leiings- og styringsstrukturen dokumentasjon som gjeld oppnemning av organ for samarbeid mellom arbeidsgivar og arbeidstakarorganisasjonar, og dokumentasjon som gjeld avtaler, forhandlingar og drøftingar dokumentasjon som gjeld organisering av og deltaking i internasjonalt samarbeid om eigenforvaltning.
§ 7. Verksemds- og økonomistyringegen side
innspel til statsbudsjettet og dokumentasjon om endringar i løyving i statsbudsjettet dokumentasjon som gjeld det overordna departementet si styring av underliggjande organ, medrekna instruksar, styringsdialog, strategiske og årlege planar, tildelingsbrev, rapportar, etatsstyringsmøter og evaluering av verksemda interne instruksar og retningsliner strategiske planar og andre strategiske styringsdokument internbudsjett og dokumentasjon som gjeld årleg planlegging av verksemda, interne styringsbrev og andre årlege styringsdokument dokumentasjon som gjeld årleg planlegging for administrative einingar i eit organ og innspel til budsjettfordeling frå administrative einingar i organet dokumentasjon som gjeld årleg rapportering om verksemda, medrekna årsrapport med årsrekneskap, liste over saldo og interne årsrapportar dokumentasjon som gjeld internrevisjon, ekstern revisjon og evaluering av verksemd- og økonomistyring dokumentasjon som gjeld etablering og eigarstyring av selskap og stiftingar.
§ 8. Personalforvaltningegen side
personalplanar og strategiske styringsdokument dokumentasjon som gjeld lokal personalpolitikk lokale avtaler mellom arbeidsgivarar og arbeidstakarorganisasjonar dokumentasjon som gjeld interne reglement og retningsliner kunngjering av stillingar, offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste dokumentasjon som gjeld innstillings- og tilsetjingsmakta si sakshandsaming av tilsetjingssaker i eit organ dokumentasjon som gjeld sakshandsaminga i overordna organ når det er dissens mellom medlemmene i tilsetjingsmakta eller usemje mellom innstillingsmakta og tilsetjingsmakta interne reglement og retningsliner for personalforvaltning evaluering av personalforvaltninga dokumentasjon om lønnsforhandlingar som inneheld føringar frå overordna departement, tilrådingar frå arbeidsgivar, forhandlingar og drøftingar og skilsdommar dokumentasjon som gjeld lokale ordningar for arbeidstid.
§ 9. Enkeltpersonar i personalforvaltningaegen side
stillingssøknaden frå den som blir tilsett, brev om tilsetjing og arbeidsavtale dokumentasjon om endringar av stillingsprosent, løn, godtgjeringar og permisjonar som har noko å seie for pensjonstilhøva til den tilsette dokumentasjon som gjeld kompetanseutvikling, bortsett frå dokumentasjon som gjeld opplæring av nytilsette og kompetansehevande tiltak innanfor eigenforvaltninga til organet dokumentasjon som gjeld oppfølging av arbeidsulykker, yrkesskadar og yrkessjukdommar dokumentasjon som gjeld ordensstraff dokumentasjon som gjeld omplassering, tenestepåbod og fortrinnsrett dersom saka fører til rettsleg prøving dokumentasjon som gjeld avslutning av arbeidstilhøve.
§ 10. Helse, miljø og tryggleikegen side
interne instruksar og retningsliner for det systematiske arbeidet med helse, miljø og tryggleik årlege rapportar og dokumentasjon som gjeld systematisk gjennomgang og evalueringar av arbeidet med helse, miljø og tryggleik dokumentasjon som gjeld undersøkingar og evalueringar av arbeidsmiljøet dokumentasjon som gjeld tilsyn dokumentasjon som gjeld oppfølging av arbeidsulykker, yrkesskadar og yrkessjukdommar dokumentasjon som gjeld konflikthandtering, med framstilling av korleis partane ser på saka og korleis arbeidsgivaren har følgt opp saka dokumentasjon som gjeld varsling av kritikkverdige tilhøve.
§ 11. Intern tryggleik og beredskapegen side
dokumentasjon som gjeld strategi og styring interne instruksar og retningsliner dokumentasjon som gjeld organisering av arbeid på området dokumentasjon som gjeld leiinga si gjennomgang og evaluering av det førebyggjande arbeidet med tryggleik og beredskap risiko- og sårbarheitsanalysar som har danna grunnlaget for strategi og retningsliner og leiinga sine avgjerder rapportar til leiinga i verksemda og til det overordna departementet beredskapsplanar og dokumentasjon som gjeld beredskapsplanlegging.
§ 12. Bygg- og eigedomsforvaltningegen side
dokumentasjon som gjeld strategi og styring interne instruksar og retningsliner utgreiingar og evalueringar av eigedomsforvaltninga, medrekna dokumentasjon som gjeld bygging, drift og forvaltning av eigedom dokumentasjon som gjeld erverv og avhending av eigedom dokumentasjon som gjeld planlegging og gjennomføring av byggeprosjekt, bortsett frå tilbod som ikkje er vedtekne, dokumentasjon om drift og vedlikehald og utkast til teknisk dokumentasjon og arbeidsteikningar dokumentasjon som gjeld forvaltning, ombygging og renovering av statens kulturhistoriske eigedommar.
§ 13. Anskaffingaregen side
dokumentasjon som gjeld strategiar og retningsliner for anskaffingar dokumentasjon som gjeld interne instruksar og retningsliner for innkjøp og oppfølging av kontraktar dokumentasjon som gjeld evaluering av anskaffingar.
§ 14. Arkiv og dokumentasjonsforvaltningegen side
dokumentasjonsplanar arkivplanar frå før 2026 dokumentasjon som gjeld tap av arkiv eller ulovleg kassasjon.
§ 15. Bibliotekegen side
dokumentasjon som gjeld organiseringa dokumentasjon som gjeld interne instruksar og retningsliner dokumentasjon som gjeld evaluering.
§ 16. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)egen side
IKT-strategi, IKT- retningsliner og andre styringsdokument utgreiing om og evaluering av IKT- verksemda.
§ 17. Intern kommunikasjonegen side
strategi og retningsliner kommunikasjonsplanar utgreiingar og evalueringar.
§ 18. Dokumentasjon som gjeld statlege organ sine faglege ansvarsområdeegen side
Kapittel 3. Dokumentasjon frå fylkeskommunane og kommunane
§ 19. Dokumentasjon frå 1950 eller tidlegareegen side
§ 20. Journalaregen side
§ 21. Administrativ og politisk organiseringegen side
dokumentasjon som gjeld administrativ organisering, organisasjonskart og skildringar av ansvarsområde og oppgåver dokumentasjon som gjeld politiske og administrative prosessar i samband med forvaltningsreform, endringar av kommunegrenser og fylkesgrenser og etablering av ny politisk styringsform dokumentasjon som gjeld delegering av myndigheit til administrasjonssjef og andre nivå i kommune- og fylkesadministrasjonen dokumentasjon som gjeld oppretting av, delegering av myndigheit til og val av formannskap, fylkesutval, kommuneråd (byråd), fylkesråd og andre politiske råd, utval, komitear og interkommunale samarbeid dokumentasjon som gjeld delegering av vedtaksmakt frå kommunestyret eller fylkestinget til andre rettssubjekt dokumentasjon som gjeld administrativ og politisk handsaming av saker som blir lagde fram for eller handsama i formannskap, fylkesutval, kommuneråd (byråd) eller fylkesråd.
§ 22. Val og medråderettegen side
dokumentasjon som gjeld retningsliner og oppgåver ved val, folkerøystingar og andre tiltak for medråderett dokumentasjon om oppnemning av valstyre, valmanntal, organisering av førehandsrøysting og valoppgjer dokumentasjon om folkerøystingar, innbyggjarinitiativ, folkemøte og høyringar i spørsmål som har noko å seie for innbyggjarane.
§ 23. Føretak, selskap og interkommunale samarbeidsordningaregen side
dokumentasjon om oppretting og avvikling av føretak, selskap og interkommunale samarbeidsordningar avtaler om arkivansvar og arkivorganisering når tenester blir lagde til føretak, selskap og interkommunale samarbeidsorgan som ikkje er omfatta av arkivlova vedtekter, samarbeidsavtaler, selskapsavtaler og andre avtaler eller vedtak som dokumenterer overføringa av oppgåver og myndigheit frå kommunen eller fylkeskommunen til føretak, selskap eller interkommunalt samarbeidsorgan dokumentasjon som gjeld kommunens eller fylkeskommunens kontroll med og revisjon av føretak, selskap og interkommunale samarbeidsordningar
§ 24. Samfunnstryggleik og beredskapegen side
dokumentasjon som gjeld dei overordna, lovpålagde oppgåvene kommunen eller fylkeskommunen har i samband med samfunnstryggleik og beredskap på ulike fagområde beredskapsplanar og risiko- og sårbarheitsanalysar for kommunen, dokumentasjon som gjeld deltaking i regionale og nasjonale beredskapsøvingar og annan dokumentasjon som gjeld kommunen si rolle i den nasjonale beredskapen og oppgåver etter sivilbeskyttelsesloven risiko- og sårbarheitsanalysar for utbyggingsområde og annan dokumentasjon som viser korleis fylkeskommunen og kommunen tek hand om samfunnstryggleiken i kommunal og regional planlegging dokumentasjon som gjeld etablering og utvikling av styringssystemet for tryggleik og beredskap i kommunen og fylkeskommunen dokumentasjon som gjeld tryggleiksrapportering internt i kommunen eller fylkeskommunen og til regionale og nasjonale tilsynsmakter.
§ 25. Kommuneadvokat og fylkesadvokategen side
register eller arkiv for presedenssaker dokumentasjon som gjeld erstatningssaker på det offentlegrettslege området og saker om rettferdsvederlag.
§ 26. Anskaffingaregen side
anskaffingsstrategi anskaffingsreglement retningsliner og standardar behovsanalyse anskaffingsprotokollar vedtekne tilbod.
§ 27. Arkiv og dokumentasjonsforvaltningegen side
dokumentasjonsplanar arkivplanar frå før 2026 planar for langtidsbevaring av arkiv og dokumentasjon som gjeld ordningar for langtidsbevaring dokumentasjon som gjeld utvikling av arbeidet med langtidsbevaring årsplanar, langtidsplanar og årsmeldingar for dei enkelte bevaringsinstitusjonane.
§ 28. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)egen side
dokumentasjon som gjeld strategisk planlegging, styring og utvikling av IKT-området IKT-strategi, IKT-retningsliner og IKT-plan dokumentasjon som gjeld utvikling av nye IKT-løysingar.
§ 29. Kommunikasjon og informasjonegen side
kommunikasjonsstrategiar og planar og annan dokumentasjon som gjeld planlegging og styring av kommunikasjonsområdet reglar og retningsliner for kommunikasjon internt og eksternt eigenproduserte publikasjonar med forarbeid.
§ 30. Økonomi, verksemdsstyring, rekneskap, eigedomsskatt og innkrevjingegen side
rammesak, årsbudsjett, økonomiplan, handlingsprogram, handlingsplanar, årsrapportering, tertialrapportering, årsmelding, årsevaluering og annan dokumentasjon som gjeld arbeidet med budsjett og verksemdsstyring etter kommuneloven dokumentasjon som gjeld årsrekneskapen dokumentasjon som gjeld kapitalforvaltning dokumentasjon som gjeld garantiar, utlån og låneopptak dokumentasjon som gjeld forvaltning av legat dokumentasjon som gjeld innføring eller oppheving av eigedomsskatt og fastsetjing av satsar dokumentasjon som gjeld utleggsforretning og lemping eigeninitierte prosjekt og kursopplegg som skal informere og rettleie skattytarar og arbeidsgivarar.
§ 31. Helse, miljø og tryggleikegen side
dokumentasjon som gjeld organisering av arbeidet med helse, miljø og tryggleik i kommunen eller fylkeskommunen dokumentasjon som gjeld utarbeiding og utvikling av instruksar og retningsliner for arbeidet med helse, miljø og tryggleik, og evalueringar dokumentasjon som viser korleis kommunen eller fylkeskommunen har handtert saker som gjeld konfliktar og varsling.
§ 32. Personalforvaltningegen side
strategiske planar, lokal personalpolitikk, lokale avtaler mellom arbeidsgivar og arbeidstakarar, interne instruksar, retningsliner og anna dokumentasjon som gjeld planlegging, leiing, styring og evaluering av personalfunksjonen dokumentasjon om saker som er blitt handsama i administrasjonsutvalet kunngjering av stillingar, utvida søkjarliste, innstilling, protokollar og møtereferat frå innstillings- og tilsetjingsmakt, klagar på tilsetjing og annan dokumentasjon som gjeld arbeidet med rekruttering og tilsetjing opplæringsplanar, referat frå kompetanseutval og annan dokumentasjon som gjeld kompetanseutvikling og opplæring.
§ 33. Tilsette i kommunen eller fylkeskommunenegen side
stillingssøknaden frå den som blir tilsett, brev om tilsetjing og arbeidsavtale, klage på tilsetjing dokumentasjon om kompetanseutvikling som har noko å seie for løns- og tilsetjingstilhøva til den tilsette dokumentasjon om løn, godtgjeringar og permisjonar som har noko å seie for pensjonstilhøva til den tilsette dokumentasjon om oppfølging i samband med sjukemelding dersom saka er har noko å seie for dei langvarige teneste- og pensjonstilhøva til den tilsette dokumentasjon som gjeld yrkesskadar og oppfølging etter yrkesskadar dokumentasjon som gjeld omplassering, tenestepåbod og fortrinnsrett dokumentasjon om reaksjon mot den tilsette knytt til utøving av tenesta dersom saka fører til rettsleg prøving eller får konsekvensar for tilsetjingstilhøvet dokumentasjon om avslutning av arbeidstilhøve.
§ 34. Folkevaldeegen side
dokumentasjon som gjeld satsar for godtgjering dokumentasjon om pensjonsordningar avtaler med folkevalde dokumentasjon som gjeld tilhøve som er har noko å seie for pensjonsrettane til dei folkevalde dokumentasjon som gjeld fritak eller suspensjon frå verv.
§ 35. Planlegging, byggesak og oppmålingegen side
regionale og kommunale planstrategiar, regionale planar, kommuneplanar, områdeplanar og reguleringsplanar og annan dokumentasjon som gjeld kommunal og regional planlegging byggesaker saker som gjeld bruksendring, omregulering og dispensasjon frå tekniske krav og vedtekne planar kommunen sine planar for tilsyn, kontroll og oppfølging av ulovlege handlingar enkeltsaker og klagesaker som gjeld oppfølging av ulovlege handlingar saker som gjeld grensepåvising, grensejustering, arealoverføring, deling og samanføying av grunneigedom og annan dokumentasjon som gjeld oppmålingsforretningar.
§ 36. Samarbeid og samordning av tenester knytt til opplæring og oppvekstegen side
§ 37. Barnehageegen side
planar for etablering, drift og tilsyn retningsliner for godkjenning og etablering av barnehagar, retningsliner for tildeling av tilskot til barnehagar og retningsliner for inntak og opphald i barnehagar saker som gjeld godkjenning av barnehagar, oppfølging av avvik som har noko å seie for godkjenninga og dispensasjon frå krav årsplanar, årsmeldingar og dokumentasjon som gjeld avviksrapportering og kriseberedskap.
§ 38. Barn i barnehagaregen side
register over barnehagebarn skademeldingar.
§ 39. Grunnskoleopplæringegen side
dokumentasjon som gjeld innhaldet i og organiseringa av grunnskoleopplæringa i kommunen kommunen og skolen sine retningsliner, prosedyrar, planar og evalueringar verksemdsplanane og tilstandsrapportane til kommunen dokumentasjon som gjeld tilsyn med heimeundervisning oppgåvetekst til lokale eksamenar og dokumentasjon som gjeld nasjonale prøver saker som er handsama i det øvste samarbeidsorganet til skolen dokumentasjon som gjeld grunnskoleopplæring i barnevernsinstitusjonar, helseinstitusjonar og fengsel.
§ 40. Elevar i grunnskoleopplæringaegen side
dokumentasjon om kva elevar som har gått på kva skolar dokumentasjon av fråvær undervegsvurdering inkludert halvårsvurdering med karakter sluttvurdering med standpunktkarakter og eksamenskarakter dokumentasjon av opplæringa når det er gitt fritak frå vurdering med karakter saker som gjeld rettar og plikter knytt til innhaldet i og organiseringa av opplæringa utgreiing, enkeltvedtak og individuell opplæringsplan med vurdering og annan dokumentasjon som gjeld individuelt tilrettelagd opplæring dokumentasjon om saker som gjeld fysiske og psykososiale skolemiljøet skademeldingar.
§ 41. Vidaregåande opplæringegen side
dokumentasjon som viser opplæringstilbodet i fylkeskommunen, og korleis opplæringa er organisert fylkeskommunen og skolen sine retningsliner og prosedyrar, planar og evalueringar, verksemdsplanar og tilstandsrapportar dokumentasjon som gjeld godkjenning av lærebedrifter dokumentasjon som gjeld tilsyn med heimeundervisning dokumentasjon som gjeld kriterium for organiseringa av og innhaldet i opplæringa dokumentasjon som gjeld lokale læreplanar og oppgåvetekstar til lokale eksamenar saker som er handsama i det øvste samarbeidsorgan til skolen dokumentasjon som gjeld vidaregåande opplæring i barnevernsinstitusjonar, helseinstitusjonar og fengsel.
§ 42. Elevar i vidaregåande opplæringegen side
dokumentasjon om kva elevar som har gått på kva skolar dokumentasjon som gjeld fråvær undervegsvurdering inkludert halvårsvurdering med karakter sluttvurdering med standpunktkarakter og eksamenskarakter, karakter til fagprøve, sveineprøve og kompetanseprøve dokumentasjon av opplæringa når det er gitt fritak frå vurdering med karakter lærekontrakt og opplæringskontrakt saker som gjeld rettar og plikter knytt til innhald og organisering av opplæringa utgreiing, enkeltvedtak og individuell opplæringsplan med vurdering og annan dokumentasjon som gjeld individuelt tilrettelagd opplæring dokumentasjon som gjeld saker om det fysiske og psykososiale skolemiljøet skademeldingar.
§ 43. Skolefritidsordningegen side
vedtektene og planane til kommunen, meldingar og rapportar dokumentasjon som gjeld lokale planar, tilbod og satsingsområde skademeldingar.
§ 44. Kulturskolenegen side
planane til kommunen, meldingar og rapportar oversikt over tilbod.
§ 45. Pedagogisk-psykologisk tenesteegen side
årsplanar og årsmeldingar dokumentasjon som gjeld systemarbeid, testverktøy, metodar og malar utgreiingar og sakkunnige vurderingar som trengst for at kommunen, fylkeskommunen eller skolen kan gjere vedtak etter opplæringslova.
§ 46. Oppfølgingstenesta for dei som ikkje er i vidaregåande opplæring eller arbeidegen side
årsplanar og årsmeldingar dokumentasjon som gjeld oppfølging og status for enkeltpersonar medrekna melding om avbrot.
§ 47. Fagskolaregen side
dokumentasjon som viser kva slags fagskoletilbod fylkeskommunen har, og korleis fagskolane er organisert fylkeskommunen og skolen sine retningsliner og prosedyrar, planar og evalueringar, verksemdsplanar og tilstandsrapportar dokumentasjon som gjeld tenestetilbod, planar, rutinar, rapportar, evalueringar og samarbeid mellom einingane kriterium for organiseringa av og innhaldet i opplæringa lokale læreplanar og oppgåvetekst til lokale eksamenar saker som er handsama i det øvste samarbeidsorganet til skolen dokumentasjon som gjeld opplæring i barnevernsinstitusjonar, helseinstitusjonar og fengsel.
§ 48. Studentar på fagskolaregen side
dokumentasjon om kva studentar som har gått på kva skolar dokumentasjon som gjeld fråvær, avbrot og årsaker til avbrota sluttvurdering med standpunktkarakter og eksamenskarakter terminvurdering og karakterar dersom utdanninga ikkje blir fullført dokumentasjon om tiltak som gjeld det fysiske og psykososiale skolemiljøet saker om rettar og plikter knytt til innhald og organisering av opplæringa dokumentasjon om saker som gjeld det fysiske og psykososiale skolemiljøet skademeldingar dokumentasjon som gjeld særleg tilpassing av undervisninga eller eksamenssituasjonen på grunn av sjukdom, redusert funksjonsevne eller andre tilhøve som har noko å seie for opplæringssituasjonen og vitnemålet.
§ 49. Folkehøgskolaregen side
fylkeskommunen og folkehøgskolane sine retningsliner og prosedyrar, planar og evalueringar, verksemdsplanar og tilstandsrapportar kriterium for innhaldet i og organiseringa av opplæringa ved folkehøgskolen dokumentasjon som gjeld opplæringstilbodet og arbeidet med etablering av tilbod, liner, kurs og seminar dokumentasjon om innhald i og opplegg for lange og korte kurs dokumentasjon som gjeld andre faglege opplegg dokumentasjon om saker i regi av folkehøgskolen med stønad til prosjekt og arrangement som har noko å seie for utvikling av kunst- og kulturlivet i fylkeskommunen eller regionen dokumentasjon om folkehøgskolen si kunst- og kulturformidling, oversikter over kunst- og kulturarrangement i regi av folkehøgskolen heilt eller delvis og program og anna relevant informasjon om arrangementa saker som er handsama i skolen sitt øvste samarbeidsorgan.
§ 50. Elevar på folkehøgskolaregen side
dokumentasjon om kva elevar som har gått på skolen dokumentasjon som gjeld fråvær, avbrot og årsaker til avbrota vitnemålsdokumentasjon og annan dokumentasjon om kva kurs og opplegg eleven har gjennomført dokumentasjon på eventuelt internatopphald med tidsrom dokumentasjon om saker som gjeld det fysiske og psykososiale skolemiljøet skademeldingar.
§ 51. Barnevernegen side
dokumentasjon som gjeld prosedyrar, rutinar og sakshandsamingsprosessar for barneverntenesta og handtering av bekymringsmeldingar dokumentasjon som gjeld retningsliner og rutinar for det førebyggjande arbeidet i kommunen dokumentasjon som gjeld samarbeid med andre sektorar og forvaltningsnivå dokumentasjon om oppgåver som gjeld omplassering, etablering og drift av fosterheimar og opplæring og rettleiing av fosterheimar.
§ 52. Barn i saker som barnevernstenesta handtereregen side
dokumentasjon som gjeld bekymringsmeldingar hos barnevernstenesta anten meldingane har ført til sak eller ikkje saker som gjeld førebyggande verksemd dokumentasjon som gjeld samarbeid med andre delar av forvaltninga, individuelle planar og rapportar som er grunnlag for avgjerder om eit visst barn dokumentasjon som gjeld særlege tiltak etter barnevernsloven, undersøkingar av bekymringsmeldingar, utgreiingar, sakshandsaming, tiltak og oppfølging av tiltak dokumentasjon om tilsynssaker der kommunen har medansvar.
§ 53. Folkehelse, friskliv, helsestasjonsteneste og tannhelsetenesteegen side
dokumentasjon som gjeld fylkeskommunens og kommunens planlegging, organisering og evaluering av folkehelsearbeid, frisklivssentralar, svangerskaps- og barselomsorgsteneste, helsestasjon for barn, skolehelseteneste og tannhelseteneste dokumentasjon som gjeld samarbeid mellom og beredskap for tenestene dokumentasjon som gjeld kartleggingar av helsetilstand og folkehelseutfordringar dokumentasjon som gjeld miljøretta helsevern og smittevern dokumentasjon som gjeld førebyggjande barne- og ungdomsarbeid dokumentasjon som gjeld planlegging, gjennomføring og evaluering av prosjekt dokumentasjon som gjeld tilsyn med eigne tenestestader, pålegg og godkjenning dokumentasjon som gjeld årsrapportering frå tenestestadene lokale forskrifter.
§ 54. Pasientar i helsestasjonsteneste, skolehelseteneste og tannhelsetenesteegen side
§ 55. Allmennmedisinske tenesteregen side
dokumentasjon som gjeld planlegging, organisering og evaluering av fastlegeordninga, fengselshelseteneste og flyktninghelseteneste avtaler med privatpraktiserande helsepersonell dokumentasjon som gjeld årsplanlegging og årsrapportering frå tenestestadene.
§ 56. Akuttmedisinske tenesteregen side
dokumentasjon som gjeld planlegging, organisering og evaluering av ordning for legevakt, kommunal akutt døgneining, overgrepsmottak og psykososial beredskap dokumentasjon som gjeld rutinar og prosedyrar for prioritering mellom pasientar og oppfølging av pasientar med ulike skadar og sjukdommar dokumentasjon som gjeld rutinar og prosedyrar for samhandling og kommunikasjon mellom dei akuttmedisinske tenestene, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral, legevaktsentral og sjukehus dokumentasjon som gjeld rutinar og prosedyrar for medisinsk naudmeldeteneste.
§ 57. Helse- og omsorgstenester i heimen og på institusjonegen side
dokumentasjon som gjeld internt og eksternt samarbeid, kompetansekrav og stillingsinstrukser, dokumentasjonsrutinar, tilsyns- og evalueringsaktivitetar, avtaler med eksterne aktørar, helseberedskap og annan dokumentasjon som gjeld organisering og planlegging av tenestene dokumentasjon som gjeld planlegging, gjennomføring og evaluering av faglege prosjekt dokumentasjon som gjeld planlegging og årsrapporteringar, lokale forskrifter og rutinebeskrivingar ved tenestestadene.
§ 58. Enkeltpersonar i helse- og omsorgstenester i heimen og på institusjonegen side
§ 59. Krisesenteregen side
§ 60. Skjenkjeløyveegen side
rusmiddelpolitiske handlingsplanar lokale forskrifter og retningsliner for skjenkjeløyve og løyve for sal av alkohol dokumentasjon som gjeld rutinar for kontroll med skjenkje- og serveringsstader og inndraging av skjenkjeløyve.
§ 61. Sosiale tenesteregen side
sosialberedskapsplan og annan dokumentasjon som gjeld planar og prosjekt for sosial- og velferdstenestene årsplanar, årsmeldingar, lokale forskrifter og rutinar samarbeidsavtala med staten om oppgåvefordelinga dokumentasjon om satsar for utbetaling av økonomisk stønad.
§ 62. Enkeltpersonar som mottek sosiale tenesteregen side
dokumentasjon om saker som gjeld rettar og plikter etter helse- og omsorgstenesteloven eller lov om sosiale tenester eller forskrifter gitt med heimel i desse lovene, og som kan vere grunnlag for erstatning dokumentasjon om saker som involverer umyndige barn av sosialhjelpsmottakarar.
§ 63. Arbeid med integrering av flyktningar og innvandrararegen side
dokumentasjon som gjeld verksemdsplanar, rutinar og årsmeldingar og dokumentasjon av metodar og testverktøy driftsavtaler, dokumentasjon om handtering av retningsliner frå Utlendingsdirektoratet og annan dokumentasjon som gjeld asylmottak.
§ 64. Enkeltpersonar i integreringsarbeidetegen side
dokumentasjon som gjeld etablering, kvalifisering og arbeid kursbevis og annan dokumentasjon som gjeld rettar og plikter etter integreringsloven.
§ 65. Arbeid med tilskot til bustadegen side
saker om bustønad til enkeltpersonar for kvar femte årgang, det vil seie saker som er ferdigstilte i årstal som endar på 0 eller 5 saker om startlån, tilskot og grunnlån og tilhøyrande grunnlagsmateriale som klagesaker og tilbakekravssaker, for kvar femte årgang, det vil seie saker som er ferdigstilte i årstal som endar på 0 eller 5.ferdigstil
§ 66. Landbruk og skogbrukegen side
dokumentasjon som gjeld landbruks- og skogbruksstrategiane til kommunen og fylkeskommunen dokumentasjon som gjeld kommunen si registrering i Miljøregistreringar i skog (MiS) dokumentasjon som gjeld strategiar og retningsliner for bruk av midlar til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket, og fylkeskommunen sine eigne prosjekt og tiltak saker om løyve til nydyrking, omdisponering av dyrka og dyrkbar mark, deling av landbrukseigedom, bu- og driveplikt og annan dokumentasjon som gjeld konsesjon eller endra bruk av landbrukseigedom saker som gjeld bygging av landbruksveg og skogsbilveg saker som gjeld hogst i verneskogar.
§ 67. Akvakultur, marinforvaltning, fiskeforvaltning og viltforvaltningegen side
dokumentasjon som gjeld kommunen eller fylkeskommunen sine overordna planar, prioriteringar og tiltak dokumentasjon som gjeld eigeninitierte prosjekt innanfor marinforvaltning, fiskeforvaltning og viltforvaltning dokumentasjon som gjeld kartlegging av bestandane dokumentasjon om avtaler for samarbeid og referat frå møte mellom partane i tilfelle der kommunen har overlate delar av administrasjonen av fiskeforvaltninga til ein organisasjon saker som gjeld regulering, utbygging eller anna verksemd med heimel i plan- og bygningsloven, der kommunen eller fylkeskommunen har gitt fråsegn om omsynet til fiskeinteressene og leveområda til fisken eller viltinteressene og leveområda til viltet saker som gjeld tildeling av løyve etter akvakulturloven dokumentasjon som gjeld fastsetjing av vald, fellingsløyve og bestandsplanar.
§ 68. Naturforvaltning, miljø og forureiningegen side
forvaltningsplanar og annan dokumentasjon som gjeld planar for naturforvaltning, miljø og forureining dokumentasjon som gjeld lokale forskrifter, rutinar og retningsliner for utslippsløyver for kloakk, testing og handtering av lekkasjar frå forureina avfallsdeponi, skjøtsel og ferdsel i naturvernområde og løyve til motorferdsel i utmark og vassdrag saker som gjeld handsaming av tilhøvet mellom natur, miljø og næringsinteresser saker som etter naturmangfoldloven skal registrerast i Miljøvedtaksregisteret dokumentasjon som gjeld handtering av forureina grunn og påviste lekkasjar, opplysningar om forureina grunn i matrikkelen og pålegg om opprydding og oppfølging av pålegg.
§ 69. Nærings- og samfunnsutvikling og internasjonalt samarbeidegen side
dokumentasjon som gjeld handlingsprogram, regionale planar, handlingsplanar og strategiar for lokal og regional utvikling, næringsutvikling, samfunnsutvikling og reiselivsutvikling og annan dokumentasjon som gjeld dei overordna planane til kommunen eller fylkeskommunen dokumentasjon som gjeld retningsliner for korleis regionråd og andre samarbeidsorgan skal bruke midlane dei får tildelt dokumentasjon om korleis fylkeskommunen forvaltar regionale utviklingsmidlar dokumentasjon som gjeld kommunen eller fylkeskommunen sine eigne prosjekt og samarbeidsprosjekt og EU-finansierte prosjekt som dei deltek i.
§ 70. Kulturminnevernegen side
dokumentasjon som gjeld saker der fylkeskommunen gjer vedtak eller gir fråsegn med heimel i kulturminneloven dokumentasjon som gjeld saker der fylkeskommunen eller kommunen med heimel i plan- og bygningsloven gjer vedtak eller gir fråsegn som vedkjem kulturminnevern dokumentasjon som gjeld kommunen eller fylkeskommunen sine planar for kulturminnevern og museum dokumentasjon om retningsliner og prioriteringar for tildeling av tilskot til freda bygningar, anlegg, andre kulturminneformål og museum dokumentasjon om kommunen eller fylkeskommunen sine eigne prosjekt som har til formål å vareta, synleggjere og informere om fornminne, kulturminne frå nyare tid, freda og verna bygg og anlegg, gamle vegar og vegfar og kulturmiljø i kulturlandskapet.
§ 71. Kunst- og kulturformidlingegen side
dokumentasjon om korleis fylkeskommunen koordinerer, administrerer og bidrar til ordninga Den kulturelle skolesekken dokumentasjon som gjeld kommunen sine retningsliner og prioriteringar for bruken av midla frå ordninga Den kulturelle skolesekken og turnéprogram for grunnskolen i kvart enkelt fylke dokumentasjon som gjeld retningsliner og prioriteringar for tildeling av tilskot til kulturbygg (spelemidlar) frå fylkeskommunen dokumentasjon som gjeld vedtak frå kommunen om etablering av kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur dokumentasjon som gjeld prioriteringar og retningsliner for tildeling av tilskot, prisar og stipend frå kommunen eller fylkeskommunen dokumentasjon om kven som har motteke prisar og stipend dokumentasjon om kva foreiningar og organisasjonar som har fått tildelt stønad gjennom tilskotsordningane til kommunen eller fylkeskommunen dokumentasjon om stønad til prosjekt og arrangement som har noko å seie for utviklinga av kunst- og kulturlivet i kommunen eller regionen dokumentasjon som gjeld kunst- og kulturarrangement heilt eller delvis i regi av kommunen, program og annan relevant informasjon om arrangementa og annan dokumentasjon som gjeld kommunen si eiga kunst- og kulturformidlinga dokumentasjon om kva prioriteringar kommunen har gjort ved innkjøp av kunst, og korleis kommunen forvalta kunstsamlinga.
§ 72. Bibliotekegen side
dokumentasjon som gjeld kommunen og fylkeskommunen sine reglement for folkebibliotek og fylkesbibliotek dokumentasjon som gjeld årsplanar, langtidsplanar og årsmeldingar for kvart enkelt bibliotek dokumentasjon om prosjekt og anna formalisert samarbeid som har til formål å fremje opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling.
§ 73. Idrett og friluftslivegen side
dokumentasjon som gjeld overordna planlegging innanfor idrett og friluftsliv i kommunen eller fylkeskommunen dokumentasjon som gjeld retningsliner og prioriteringar for tildeling av tilskot frå kommunen eller fylkeskommunen til idrettsanlegg, idrettsforeiningar og idrettstiltak dokumentasjon som gjeld retningsliner og prioriteringar for tildeling av midlar frå kommunen eller fylkeskommunen til fysisk tilrettelegging, vedlikehald og skjøtsel av friluftsområde og friluftstiltak dokumentasjon om kva foreiningar og organisasjonar som har fått tildelt stønad gjennom tilskotsordningane til kommunen eller fylkeskommunen dokumentasjon om kven som har motteke prisar og stipend dokumentasjon om stønad til prosjekt og arrangement som har noko å seie for utviklinga av idretts- og friluftslivet i kommunen eller regionen dokumentasjon som gjeld kommunen eller fylkeskommunen sine eigne prosjekt innanfor idrett og friluftsliv.
§ 74. Den norske kyrkja og andre trudoms- og livssynssamfunnegen side
dokumentasjon om korleis kommunen har handsama budsjettframlegg frå kyrkja dokumentasjon om berekningsnøkkelen som kommunen har brukt ved tildeling av tilskot til andre trus- og livssynssamfunn før 2021.
§ 75. Kino og ungdomsklubbaregen side
§ 76. Bygg- og eigedomsforvaltningegen side
dokumentasjon som gjeld rutinar for sal, kjøp, feste og utleige av eigedom dokumentasjon om saker som gjeld bygging, drift og forvaltning av kommunal eller fylkeskommunal eigedom, og som ikkje blir teke vare på som del av byggesaker etter § 35 dokumentasjon om saker som gjeld eigedomstransaksjonar og eigedomspolitikk.
§ 77. Vatn og avløpegen side
dokumentasjon om rutinar og kontroll med leidningsnett, beredskapsplanar og saker som gjeld handtering av avvik og utslepp dokumentasjon som gjeld utgreiings- og prosjekteringsarbeid dokumentasjon som gjeld planar for vedlikehald av leidningsnettet dokumentasjon om leidningsnettet, medrekna årsversjonar, tekniske teikningar og kart dokumentasjon som gjeld private vassleidningar og tilkopling til leidningsnettet på kvar enkelt eigedom.
§ 78. Renovasjon og avfallegen side
dokumentasjon som gjeld oppretting eller endring av ordningar for renovasjon og avfallshandtering og fastsetjing av avgifter dokumentasjon som gjeld oppretting av kommunale avfallsdeponi.
§ 79. Hamnevesenegen side
dokumentasjon som gjeld planar, prosedyrar og rutinar for tilsyn med kaianlegg og sjøområde, og beredskapsplanar dokumentasjon som gjeld vassleidningar og kloakkrøyr som går ut i sjø, og kaianlegg dokumentasjon som gjeld fastsetjing av hamneavgift og hamnevederlag.
§ 80. Samferdselegen side
dokumentasjon som gjeld overordna planar og strategiar for samferdsel, trafikktryggleik og transportberedskap i kommunen eller fylkeskommunen dokumentasjon om saker som gjeld utbygging, omgjering, nedlegging eller omdisponering av fylkesvegar eller kommunale vegar, eller overføring av vedlikehaldsansvaret for fylkesveg og kommunal veg dokumentasjon om saker som gjeld nedlegging av byggeforbod i område for planlagd veg, forlenging av byggeforbod eller råderettsavgrensingar for grunn innafor byggegrensa dokumentasjon om saker som gjeld eigedomsinngrep mot vederlag etter skjøn (ekspropriasjon) dokumentasjon som gjeld økonomiske rammer for kollektivtilbod og sakshandsaminga ved fastsetjing av rutenettet retningsliner for skoleskyssordninga, dispensasjonssøknader og klagesaker retningsliner for transportordning for personar med nedsett funksjonsevne, og klagesaker dokumentasjon som gjeld tildeling av behovsprøvde løyve og retningsliner for alle typar løyve.
§ 81. Brann- og redningsvesenegen side
dokumentasjon som gjeld organiseringa av brann- og redningstenesta i kommunen dokumentasjon som gjeld planar, prosedyrar og arbeidsinstruksar for tilsyn og handtering av naudoppkall risikoanalysar og beredskapsplanar dokumentasjon som gjeld planar for evaluering av interne øvingar og fellesøvingar dokumentasjon som gjeld eigenutvikla brannførebyggjande prosjekt og opplæringsopplegg dokumentasjon som gjeld tilsynsrapportar for særskilte brannobjekt dokumentasjon som gjeld statistikk over talet på utrykkingar og ulike typar utrykkingar, og rapportar og evalueringar frå brann- og redningsaksjonar som ikkje blir generte automatisk frå logg.